Publisert 20.06.2022

Dekan for Fakultet for lærerutdanning, kunst og kulturfag

Om stillinga

Ved Nord universitet er det ledig åremålsstilling på fire år som dekan for Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag frå 01.01.2023.

Dekan er øvste leiar for den faglege og administrative verksemda til fakultetet, og representerer fakultetet eksternt. Dekan rapporterer til rektor, og er del av rektor si leiargruppe.

Dekan har eit særleg ansvar for den faglege utviklinga av fakultetet, og skal leie denne med hovudvekt på forsking, undervisning, formidling, nyskaping ogsamarbeid med arbeidslivet. Dekan skal medverke til vidareutvikling av fakultetet, ved å motivere tilsette og studentar til å arbeide i fellesskap mot universitetet sine målsetjingar. I tillegg skal dekan medverke til å skape gode samarbeidsforhold til dei andre institusjonane i sektoren, og til samfunns- og næringslivet. Som del av rektor si leiargruppe, skal dekanen medverke til den strategiske utviklinga av universitetet.

Arbeidsstaden til dekanen er i Levanger.

Kvalifikasjonskrav

Det krevst høg fagleg kompetanse for stillinga, doktorgrad eller tilsvarande forskningskompetanse. Det krevst solid og relevant leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjonar. Søkjar må ha god innsikt i utdannings- og forskingspolitikk og aktuelle utfordringar innan universitets- og høgskulesektoren.

Vi søkjer ein leiar som kan utvikle fagmiljø som er plassert ulike stader. Leiaren må kunne tenkje strategisk og medverke til å vidareutvikle universitetet sin profil og identitet innanfor forsking og utdanning i tråd med plasseringa universitetet har i den norske universitets- og høgskulestrukturen.

Søkjar må også ha ei brei tilnærming til utfordringane arbeids- og næringslivet står overfor nasjonalt. Erfaring frå forsking og forskingsleiing er ein føresetnad. Den som vert tilsett må vere resultatfokusert, og ha evne til å prioritere, ta avgjerder og gjennomføre. Leiarar ved Nord universitet skal ha ein open, inkluderande og tillitsskapande leiarstil, prega av samarbeid og dialog. Vi vektlegg fagbakgrunn frå eit av fagområda til fakultetet.

Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna.

Stillinga gjeld for ein åremålsperiode på fire år, med mogleg forlenging i to gonger fire år, totalt 12 år.

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, lpl. 17.500, (SKO) 1474 dekan.

Spennande leiarstilling med stor samfunnsmessig tyding. Leiarutvikling saman med resten av leiargruppa.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Tilsetjingsprosess

Søkjarar til stillinga vert vurderte av eit særskilt innstillingsutval, nedsett av universitetsstyret. Universitetsstyret er tilsetjingsorgan.

Kontakt

Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknad

Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 10.08.2022.

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30072209

Søknad

Søknadsfrist: 10.08.2022

Om stillingen

Stillingstittel: Dekan for Fakultet for lærerutdanning, kunst og kulturfag

Ansettelsesform: Åremål

Heltid/deltid: Heltid

Sektor: Offentlig

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Nord universitet

Adresse: Høgskoleveien 27 LEVANGER

Hjemmeside: http://www.nord.no/no

Nord universitet

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering. 

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.

Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.

Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.

Kandidatane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikle praksisfeltet vi utdannar for, så forskingstilnærminga vår er profesjonsretta og praksisnær.

Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag, er eit av fem fakultet ved Nord universitet og har ei av dei største lærarutdanningane i Noreg. Fakultetet tilbyr blant anna grunnlærarutdanning 1–7 og 5–10, barnehagelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning, faglærarutdanning i musikk og kroppsøving, og skodespelarutdanning. Fakultetet tilbyr også doktorgrad i profesjonsvitskap, og har eit nasjonalt ansvar for lulesamisk og sørsamisk språk og kultur. Fakultetet har 3500 studentar og 350 tilsette, og er representert ved studiestadane Levanger, Nesna og Bodø.

Les meir: www.nord.no/flu.